22. juli-senteret

Høgreekstremismen og internett

1995 var eit stort år for internett. Nettstaden Yahoo! – ei vidareføring av det som før dette heitte Jerry and David’s Guide to the World Wide Web – vart lansert. Microsoft slapp den fyrste utgåva av nettlesaren Internet Explorer. Nettbokhandelen Amazon dukka opp, og det same gjorde dei fyrste eigentlege nettavisene i Noreg. Google fanst framleis ikkje.

Men 1995 var også det året nettstaden Stormfront.org vart lansert. Det gjer han til ein av dei eldste som stadig er på nett. Men kva er Stormfront? Grunnleggjande sett er det eit sosialt medium, eit gigantisk høgreekstremt nettforum der folk med høgreekstreme sympatiar – i stor grad variantar av nynazisme – kan diskutera alt frå politikk til musikk, alt frå litteratur til dating, alt frå historie til familieliv. Det finst også eigne underforum for ulike land og regionar.

Opp gjennom åra har nettstaden mange gongar fått merksemd i media. Eit tidleg døme er HBO-dokumentaren Hate.com frå 2000. Den inneheldt blant anna eit intervju med mannen bak, Don Black. «Eg er lei av det jødiske monopolet innan nyhende- og underhaldningsmedia, og arbeider hardt for å tilby eit alternativ», sa Black. «Og internett er moglegheita me har sett etter».

Stormfront er på mange måtar sjølve kroneksempelet på at ekstreme grupper ofte er såkalla «early adapters» når det gjeld nye mediaplattformer. Som den svenske ekstremismeforskaren Helene Lööw seier i eit intervju er dei gjerne så tidleg ute at «vad som bara är på väg att etableras hos en bredare allmänhet [redan har] slagit igenom i de här kretsarna». Lööw sitt utsegn kan nok nyanserast, men det er også noko i det. For høgreekstremismen – som denne artikkelen fokuserer på – sin del byrja det lenge før verdsveven, world wide web, det me i dag gjerne tenkjer på når me snakkar om nettet.

Ti år før nettstaden Stormfront vart lansert, i 1985, publiserte den amerikanske organiasjonen Anti-Defamation League (ADL) rapporten «Computerized Networks of Hate». Rapporten fortalde om to såkalla BBS-ar – bulletin board systems – som ein kunne knyta seg opp til ved hjelp av ei datamaskin og eit modem. I dag veit nok dei færraste kva ein BBS – ein slags forgjengar til dagens nettsider – i det heile teke var for noko, men den gongen kunne ADL fortelja at høgreekstremistar hadde gått inn i høgteknologiens tidsalder. Den eine av dei to BBS-ane som vart omtalt vart drifta av Aryan Nations, den andre av den glødande antisemitten George Dietz, som også var utgjevar av ei mengd med høgreekstrem litteratur. Sistnemnde Dietz sin BBS var online alt i 1983.

Før me går vidare, kan det vera på plass med ei åtvaring: Opp gjennom historia har nye media ofte vorte møtt med ein slags moralsk panikk. Mediet i seg sjølv har vorte definert som farleg, ikkje minst for born og unge. Dette har ein sett i høve både teikneseriar, filmar, fjernsyn og dataspel – og, om ein går lenger bak i tid, også i samband med trykt litteratur. Ofte har debattane vore polariserte – prega av ein idé om at mediet er anten «godt» eller «vondt». Internett er sjølvsagt ikkje noko unnatak. Men internett er «berre» eit media, sjølv om det har vore eit media prega av interaktivitet – ja, nettopp eit sosialt media – heilt frå starten av (den fyrste hotte appen var e-post). Difor kan omgrep som «internettekstremisme» eller «internettradikalisering» også vera misvisande, då det sentrale slett ikkje er nettet, men radikaliseringa og ekstremismen.

I juli 1999 vart California rysta av eit brutalt dobbeltdrap på eit homofilt par – Gary Matson og Winfield Mower. Ei knapp veke etter drapa vart to brør, Tyler (29) og Matthew Williams (31), arrestert. I løpet av etterforskninga vart det også avdekt at dei to brørne hadde sett fyr på tre jødiske gudshus. Dei to brørne var motivert av høgreekstrem ideologi. Og – kom det fram – den hadde dei funne ved hjelp av nettet. Det same kan ein seia om Richard Baumhammers, som – motivert av høgreekstremisme – drap fem menneske året etter. Baumhammers hadde nytta fleire høgreekstreme nettstader, inkludert Stormfront, lasta ned høgreekstremt materiale og hadde også laga ei nettside for sitt eige einmannsparti. Båe døma er det mogleg å ta med når ein snakkar om internettradikalisering.

Men kva er det som gjer at dette er eit omgrep i det heile? Svaret på det finn ein blant anna hjå forskarane Tim Stevens og Peter Neumann, som i 2009 gav ut ein rapport kalla Countering Online Radicalisation: A Strategy for Action. Rapporten handlar i hovudsak om ekstrem islamisme på nett, men når dei peiker på trekk ved internett som medium som lett kan spela ei rolle i høve radikalisering og rekruttering er dette trekk som er like gyldige også for andre former for ekstremt tankegods, inkludert høgreekstremisme.

For det fyrste kan internett nyttast av ekstreme grupper til å illustrera og forsterka ideologiske bodskap, i ein kombinasjon av ulike mediaformer – tekst, bilete, video. Alt vert lett tilgjengeleg for potensielle rekruttar og sympatisørar. For det andre gjer nettet det enklare å bli ein del av organisasjonar, også – utan at Stevens og Neumann nemner det konkret – på tvers av landegrensene, og på grasrotnivå. For det tredje kan internett leggja til retta for nye sosiale rom, der oppførsel og ytringar som elles ville vorte sett på som uakseptable vert normal. I sume høve skjer dette i form av såkalla ekkokammer, der dei ein snakkar med berre er folk med tilsvarande ytterleggåande syn som ein sjølv, og der det fort er dei mest ytterleggåande ideane som vinn aksept.

Korleis er det til dømes høgreekstremistar reint faktisk nyttar internett? I all hovudsak er svaret at dei nyttar det på same måte som resten av oss. Det vert nytta til å finna og til å spreia informasjon. Det finst eit utal høgreekstreme bloggar, eit eige høgreekstremt nettleksikon, nettaviser, bokhandlarar, videonettstader, eigne sosiale media og sjølvsagt grupper og sider på etablerte sosiale media som Facebook. For ekstreme grupper, som gjerne har vanskar med å sleppa til i etablerte media, er dette gyldne moglegheiter til å få ut sin bodskap, og det på ein mykje enklare og billegare måte enn tidlegare. Dette ser ein også i høve konspirasjonsteoretisk tenkning meir generelt, som har fått ein boost med nettet. Vidare vert internett nytta som ein samlingsstad, til dømes gjennom nettforum som Stormfront eller på facebookgrupper.

Den jamne elev på vidaregåande skule vil ikkje hugsa når ho var på nettet fyrste gong. I dag har mange born knapt lært å gå, før dei er på nett. Internett er – med andre ord – ikkje ein «virtuell røyndom» utanfor røyndomen. Internett er her. Og difor kan også ekstremisme på nett ha konkrete, verkelege og blodige konsekvensar. Som ADL-talsmannen Johann Kessler sa i ein intervju i samband med Williams-brørne sitt dobbeltdrap: «Ord kan leia til handling». Det gjeld uavhengig av medium.

 

Tips til videre lesing:

Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS). «Utveier.no – Radikalisering og voldelig ekstremisme. Kunnskapsportal om prosesser inn og veier ut». 

Strømmen, Øyvind. Det mørke nettet: om høyreekstremisme, kontrajihadisme og terror i Europa. Oslo: Cappelen Damm, 2012.

Strømmen, Øyvind. Den sorte tråden: europeisk høyreradikalisme fra 1920 til i dag, Oslo: Cappelen Damm, 2014.

Fordypningstekst: «Veier inn i voldelig ekstremisme – og ut igjen»