22. juli-senteret

Kompetansemål i medie- og informasjonskunnskap – programfag

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap 1 og 2 – utvalgte kompetansemål

Medieutvikling

  • drøfte korleis ytringsfridom er ein føresetnad for frie medium og demokrati (1)
  • diskutere konsekvensar medieutviklinga har for journalistrolla (2)

Uttrykksformer

  • diskutere etiske utfordringar knytte til Internett og nye medium (1)
  • gjere greie for prosessen frå hending til nyheit i media (1)
  • analysere og evaluere eigne og andre sine medieprodukt (2)
  • innhente, vurdere og bruke kilder på en relevant og etterprøvbar måte (1 og 2)

Medium, individ og samfunn

  • forklare korleis ny teknologi og digitalisering endrar tradisjonelle kommunikasjonsmønster (1)
  • diskutere kva følgjer det kan få at mange er aktive brukarar av media og sjølve utviklar medieprodukt (1)
  • vurdere korleis media kan forme haldningar, normer og verdiar (2)
  • drøfte korleis media er med på å skape, forsterke og motverke informasjonskløfter (2)
  • reflektere over etiske problemstillingar og utfordringar i møtet mellom medium og ulike kulturar (2)
  • reflektere over media si rolle når det gjeld informasjons-, nyheits- og kulturformidling i det internasjonale mediebildet (2)

Kilde:

Udir.no. «Læreplan i medie- og informasjonskunnskap – programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (MIN1-02)». https://www.udir.no/kl06/MIN1-02