22. juli-senteret blei etablert i 2015, og har sidan da utvikla seg til å bli eit læringssenter som formidlar minne og kunnskap om terrorangrepet og ofra frå 22. juli 2011.
Senteret tar kvart år imot mange skoleklasser, i fjor var det i snitt over 40 skoleklassar kvar månad. Totalt har senteret hatt 176 000 besøkande sidan opninga i 2015.
– Senteret gjev dei besøkande ei ærlig og brutal framstilling av kva som skjedde 22. juli. Her kan elevar reflektere over kva som skjedde denne dagen og i tida etterpå, og korleis vi kan førebygge framveksten av ekstremisme. Dette er eit viktig tilbod for elevar og andre som vi skal ta vare på og utvikle vidare, seier Jan Tore Sanner.
Når senteret i større grad vektlegg undervisningsaktivitet, er det naturleg å overføre ansvaret for senteret til Kunnskapsdepartementet. På den måten kan senteret få ei enno viktigare rolle i den norske skulen.
Senteret står framfor store utviklingsprosjekt og skal frå hausten 2019 flytte inn i midlertidige lokalar i Teatergata 10 mens regjeringskvartalet blir rehabilitert. Etter planen skal senteret tilbake i permanente lokalar i det nye regjeringskvartalet når det står klart.