Barn på 22. juli-senteret

Heilt sida opninga i 2015, har barnefamiliar funne vegen til 22. juli-senteret. Nokon føresette oppsøkjer senteret for å fortelje borna om det som hende 22. juli, andre kjem utan å tenkje over behova til borna eller at utstillinga kanskje ikkje er eigna for dei aller yngste.

I 2017 starta 22. juli-senteret med å utvikle tilpassa tilbod for familiar med barn. Gjennom ulike tilbod ønskjer vi å leggje til rette for formidling av 22. juli som er tilpassa barn og deira kognitive ferdigheiter.

Kva bør eg vite før eg tar med barn til senteret?

Utstillinga til 22. juli-senteret har ingen aldersgrense og barnefamiliar er velkomne. Vi ønskjer likevel å gjere besøkande med barn merksam på at sjølve utstillinga ikkje er laga for barn under 14 år. Delar av utstillinga kan opplevast som sterk for dei yngste. Den består blant anna av bilete og vitneforteljingar som kan vere triste og skremmande.

Barn kan likevel ha utbytte av utstillinga, ikkje minst dersom du som føresett på førehand set deg inn i kva dykk vil møte der.

Alle besøkande i senteret møtast av ein utstillingsvert, og barnefamiliar vil få ein introduksjon som er tilpassa aldersgruppa. Vi har òg eit familiehjørne i senteret sin andre etasje, med ein eigen bokhylle og aktivitetsstasjon.

Det er viktig at barn og føresette går saman under heile besøket, også når de sit i familiehjørnet. Det kan samstundes vere lurt å snakke med barnet om opplevinga etter besøket.

Under kan du lese meir om det å snakke med barn om 22. juli spesielt, og vanskelege tema generelt. Rettleiingane gjev konkrete råd og er tilpassa ulike aldrar. Denne vart utvikla i samarbeid med Jon Håkon Schultz, som er pedagogisk psykolog og forskar på vald, terrorisme og krisepsykologi ved UiT.