Barn på 22. juli-senteret

Heilt sida opninga i 2015, har barnefamiliar funne vegen til 22. juli-senteret. Nokon føresette oppsøkjer senteret for å fortelje borna om det som hende 22. juli, andre kjem utan å tenkje over behova til borna eller at utstillinga kanskje ikkje er eigna for dei aller yngste.

I 2017 starta 22. juli-senteret med å utvikle tilpassa tilbod for familiar med barn. Gjennom ulike tilbod ønskjer vi å leggje til rette for formidling av 22. juli som er tilpassa barn og deira kognitive ferdigheiter.

Ressursen under er laga for barn mellom 8 og 13 år, men kan også brukast av yngre aldersgrupper. Denne finn de tilgjengeleg på stor skjerm i utstillinga sin andre etasje i Teatergata 10, med både bilete, tekst og opplesing av ressursen sitt innhald.