Relaterte tema
– 22. juli-senteret gjer ein enormt viktig jobb med å formidle kunnskap om terroren i regjeringskvartalet og på Utøya. Det er viktig at vi i framtida både kan minnast og lære om 22. juli, ein av stadane der terroren faktisk skjedde, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).
22. juli-senteret vart oppretta i 2015 i Høgblokka. Sidan den gong har over 225.000 besøkt senteret, og nesten 3.000 skuleklasser og andre grupper har fått undervising.
– Ein viktig milepæl er nådd i reisa tilbake til der senteret høyrer heime: I Høgblokka i regjeringskvartalet. 22. juli-senteret er viktig for at vi ikkje skal gløyme dei som vart fråtekne livet, for å lære framtidige generasjonar om kva som skjedde og for å hegne om demokratiet vårt, seier leiar av Støttegruppen etter 22. juli Lisbeth Røyneland.
Viktig å lære av historia
Det nye senteret vert på to tusen kvadratmeter, og er med det over tre gongar så stort som dagens mellombelse senter. Ein viktig del av arbeidet når det permanente senteret opnar att, er å ta imot skuleklassar, og dei nye og større lokala vil auke kapasiteten til dette føremålet.
– At skuleelevar og andre frå heile landet kan reise til 22. juli-senteret og sjå dei synlege spora med eigne auge, diskutere og lære av historia, er ekstremt viktig for å førebyggje konspirasjonsteoriar og hat. AUF og Støttegruppa har i mange år jobba saman for å bevare synlege spor og ha 22.-juli senteret i regjeringskvartalet, nettopp fordi det er eit viktig bidrag i kampen mot ekstremismen, seier AUF-leiar Astrid Hoem.
Stortinget har i budsjettet for 2022 vedtatt ein samla kostnadsramme til prosjektet på 565 mill. kroner. Dette inkluderer pengar til ny utstilling. I 2022 vart det gjeven eit startløyve på 102,7 mill. kroner.
Ny underetasje gjer meir plass
– No startar bygginga av eit permanent, fysisk senter. Men samtidig vil eg understreke kor viktig det er at råka, etterlatne og overlevande held fram med å fortelje og dele sine historier frå 22. juli og tida etterpå. Det gjev 22. juli-senteret verdifullt innhald og difor vil samarbeidet med AUF og Støttegruppa vere viktig også i det vidare, seier Brenna (Ap).
Størstedelen av 22. juli-senteret sine tidlegare lokale vil bevarast slik at så mykje som mogleg av spora etter åtaket vert vareteken og vert gjort tilgjengeleg for nye generasjonar. Av omsyn til sikkerheita, kan ikkje senteret bruke areala rett under departementslokala i Høgblokka, slik som det gjorde tidlegare. Det er avgjort at senteret skal ha ein eiga inngang i ekstern inngangspaviljong. Difor vert det bygd ein ny underetasje, noko som òg skapar ekstra utstillingslokale, undervisingsrom og publikumsfasilitetar.
På grunn av arbeidet med nytt regjeringskvartal, måtte senteret flytte til mellombelse lokale i Teatergata sommaren 2020. 22. juli-senteret vil helde ope der medan dei nye lokala vert bygd.