Retningslinjer
- Det er ikkje tillate å ta bilete i minnerommet, eller av filmane i utstillinga. Det er elles tillate å ta bilete og/eller filme i utstillinga.
- Det er ikkje tillate å setje opp kamera mot utgangen til minnerommet slik at det vert ubehageleg for besøkande som forlèt rommet.
- Presse skal ikkje bruke/vise/publisere opptak av besøkande dersom det ikkje er avklåra på førehand.
- Det er ikkje høve til å drive oppsøkande verksemd inne i 22. juli-senteret. Dersom journalistar vil intervjue nokon inne i senteret, skal det avtalast utanfor og på førehand.