Før de gjer oppgåva
Vi anbefaler alle å ha gjort seg kjend med hendingsgangen 22. juli og litt om terroristen sitt tankegods og mål før de set i gang med oppgåva. Bruk gjerne introduksjonsfilmen og den digitale tidslinja.
Om oppgåva
I denne oppgavå skal elevane utforske åstadane for terrorangrepet 22. juli 2011. Vi rettar oppmerksemda mot dei som vart angrepen, dei som vart drepen, dei som overlevde og dei etterlatne. Elevane vil få innsikt i kvifor dei var der de var 22. juli, og kva dei arbeida med og engasjerte seg for. Samtidig får elevane utforske terroristen sitt tankegods og dei verdiane han ønska å angripe. Avslutningsvis jobbar elevane med minnestader og korleis vi minnast dei vi mista.
Sjå gjerne filmane under i fellesskap før elevane går i gang med gruppearbeidet.