Hopp til innhold
8. trinn - Vg3

Før de gjer oppgåva

Vi anbefaler alle å ha gjort seg kjend med hendingsgangen 22. juli og litt om terroristen sitt tankegods og mål før de set i gang med oppgåva. Bruk gjerne introduksjonsfilmen og den digitale tidslinja.

Om oppgåva

I denne oppgavå skal elevane utforske åstadane for terrorangrepet 22. juli 2011. Vi rettar oppmerksemda mot dei som vart angrepen, dei som vart drepen, dei som overlevde og dei etterlatne. Elevane vil få innsikt i kvifor dei var der de var 22. juli, og kva dei arbeida med og engasjerte seg for. Samtidig får elevane utforske terroristen sitt tankegods og dei verdiane han ønska å angripe. Avslutningsvis jobbar elevane med minnestader og korleis vi minnast dei vi mista.

Sjå gjerne filmane under i fellesskap før elevane går i gang med gruppearbeidet.

Introduksjon til oppgåva

I denne oppgåva skal du utforske åstadane for terrorangrepet 22. juli 2011. Vi rettar oppmerksemda mot dei som vart angrepet, dei som vart drepen, dei som overlevde og dei etterlate. Du vil få innsikt i kvifor dei var der dei var 22. juli, og kva dei arbeida med og engasjerte seg for. Samstundes utforskar du terroristen sitt tankegods og dei verdiane han ønska å angripe. Avslutningsvis skal du innom tematikken minnestader og korleis vi minnast dei vi mista 22. juli.

Foto av en høyblokk i sentrum av andre bygninger. En blå plakat er over bildet, der man kan lese "Regjeringskvartalet" i hvit farge.
Film om Regjeringskvartalets historie og hva som skjedde i Regjeringskvartalet 22. juli 2011.
Foto av en øy, med en blå plakat over, der man leser "Utøya".
Film om Utøyas historie og det som skjedde på Utøya 22. juli 2011.

Gå saman i grupper og diskuter spørsmåla under

1

Regjeringskvartalet og Utøya

  • Kvifor var Regjeringskvartalet og Utøya eit mål for terroristen 22. juli 2011?

  • Kva kan setninga «Å ta Utøya tilbake» bety? Og korleis gjer ein det?

  • Flerie kallar terrorangrepet 22. juli for Utøya-angrepet. Kvifor gjer nokon det? Kva kan konsekvensane av det vere?
Illustrasjonsbilde: Kutt i fjell med vann. Flere trær på liten høyde. Overskyet vær.
Forslag til minnesmerke etter 22. juli 2011: Memory wound

Svar på spørsmåla under

1

Bilete over er av ein planlagt minnestad som heiter Memory Wound. Det skulle eigentleg reisast på Sørbråten (i nærleiken av Utøya), men dette var ikkje gjennomført.

  • Søk etter informasjon om Memory Wound på nett, kva finn de av informasjon om denne minnestaden?

  • Kan de tenkje dykk kvifor dei ikkje vart einige, og det vart diskusjonar om kva slags minnestadar og minnesmerkar som skal bli oppført og kor?
2

Den mellombelse nasjonale minnestaden i Regjeringskvartalet

  • Kvifor meiner mange det er viktig at den mellombelse nasjonale minnestaden skal vere tilgjengeleg for befolkninga under renoveringa av Regjeringskvartalet?
3

Minnestaden på Utøykaia

  • Forsøk å finne ut kvifor det tok så lang tid å byggje den nasjonale minnestaden på Utøykaia.

  • Kvifor trur de nokon ikkje ønska å byggje denne minnestaden?

4

Lag din eigen minnestad

  • Dersom det var opp til deg - kva slags minnestad kunne du tenke deg, og kor meiner du det bør plasserast? Lag ei skisse for hand eller på PC/nettbrett. Legg ved ei grunngjeving for kvifor du meiner løyninga er god og kva slags omsyn du har teke.